Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Bokbad med Kristin Fridtun

mai 10 @ 6:30 pm - 9:00 pm

Studentmållaget i Nidaros inviterer målungdomar, mållagsmedlemar og litteraturinteresserte til bokbad med Kristin Fridtun tysdag 10. mai klokka 19 på Coffee Annan.
«Forfattar, filolog, skeiv, nynorsking, føredragshaldar m.m.» er nokre av skildringane Kristin Fridtun skriv om seg sjølv på si nettside.
Kristin kjem frå Elverum og har gitt ut bøker som «Kjønn og ukjønn», «Nynorsk for dumskallar» og «Norsk etymologisk oppkok». Ho er oppteken av å framsnakke mangfaldet i det norske språket. Ho har også vore ei tydeleg stemme i ordskiftet om pronomenet «hen».
Kristin har motteke fleire bokprisar og det er svært stas at Språkrådet tildelte Kristin språkprisen i 2019.
Ikkje minst er ho tidlegare leiar i Studentmållaget i Nidaros! Dette var ho medan ho tok mastergrad i nordisk ved NTNU i Trondheim!
I dag bur ho på Lillehammer og er forfattar på heiltid. «Kunsten å irritera seg over skrivefeil» er hennar nyaste bok. Og det er denne bokbad-kvelden skal ta føre seg.
Dørene opnar 18.30
Velkomen!

Detaljer

Dato:
mai 10
Tid
6:30 pm - 9:00 pm
Kategori for Arrangement:
WordPress-tema av Sircon